Om

Tenkande, lesande, grublande, skrivande og teiknande. Glad i bøker, språk, historie, kultur, reiser, kattar, kunsthistorie, interiør, design, fargar og ja, duppedittar og digitale løysingar som lettar kvardagen, utfordrar måtar vi tenker og jobbar på, eller gir oss heilt nye mulegheiter. Teknologi, digitale løysingar og duppedittar er òg det denne bloggen handlar om.

Eg er opptatt av digitale løysingar som lettar kvardagen, utfordrar måtar vi tenker og jobbar på, eller gir oss heilt nye mulegheiter. Ikkje minst det som knyt seg til den digitale kvardagen for dei fleste, ikkje berre oss med interesse for feltet.

Sjå òg innlegget «Jasså, du bloggar du òg no» for å lese meir om kva blogger handlar om.

Eg som skriv dette, er ei halvmoden kvinne på 35 år, frå Hovdebygda i Møre og Romsdal. Utdanna med bachelor i kultur- og samfunnsvitskap med spesialisering i kunsthistorie. Organisasjonsmenneske og politikar, som like godt likar rolege ettermiddagar med møtefrie dagar. Jobbar i det nynorske nettleksikonet Allkunne og i Ivar Aasen-tunet. Glad i å arbeide. Ugift og uskilt. Mor. Først og fremst.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: