Ein verdsvev og fem høner

Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel Grafiske element, alle henta frå freeimages.com: foto fjør: Marcin Rybarczyk, foto høne: Michal Zacharzewski, foto høne utsnitt: Cristina Moldovanu

Ein skal ikkje tru alt ein høyrer, og heller ikkje alt ein les. I dagens informasjonssamfunn er det ikkje alltid lett å sile ut fjørene.

Uttrykket om ei fjør og fem høner er eit kjent uttrykk for korleis sladder kan endre innhald etterkvart som det spreier seg. Uttrykket speler først og fremst på ryktespreiing, men det er same prinsippet bak gjenbruk av faktaopplysingar.

Skit eller kanel

Eit paradoks ved verdsveven og moglegheitene den gir til kjelderikdom, er korleis vi brukar søkjemotoren. Første treffet i søkjeresultata stel ein stor del av besøka, resten av første treffside stel ein endå større del. Ofte er høgt rangerte søkjeresultat ein god indikator for relevans, men det er uendeleg langt frå å vere regelen, og endå lenger frå å tyde kvalitetsinnhald.

Verdsveven har gitt oss ei informasjonsmengd vi knapt kan førestille oss, men den har også gitt eit auka behov for meir opplæring i kjeldebruk og kritisk vurdering. Dette må inn i undervisinga på eit tidleg tidspunkt, og vere grunnleggjande verktøy som ligg i botnen for all informasjonshenting.

Kopieringsvelde

I mange samanhengar er tal og prosentar viktige verkemiddel for å formidle ein bodskap. Det er konkret og har slagkraft. Men slagkrafta kan minke til ein musefis når ein går bak tala og finn at det manglar fagleg forankring. Dette er ein del av det ukritiske kopieringsveldet av opplysingar som diverre skjer litt for ofte.

Nettstaden Forsking.no gjorde nyleg ei øving med å gå etter i saumane eit tal som ofte blir kasta inn i miljødebatten: Påstanden om at ti prosent av all plast hamnar i havet. Forsking.no ville forsøke å finne opphavet til talet, og starta å nøste i bruken av talet og kjeldetilvisingar for om mogleg å finne tilbake til primærkjelda. Det vart ei oppdagingsferd i tvilsam kjeldebruk og typiske kjeldefeil. Det blei påvist at talet endåtil var brukt i ein FN-rapport, som igjen viste til ei kjelde der dette talet ikkje var opplyst i det heile.

Her hadde personen som skreiv FN-rapporten gått i kjeldefella, som diverre ikkje er uvanleg. Ein typisk feil er å bruke sekundærkjelder, altså å bruke ein annan si kjeldetilvising utan sjølv å sjekke primærkjelda. Så langt det er mogleg skal ein alltid gå tilbake til primærkjelda. Den akademiske kviskreleiken, kallar forskar Ole Bjørn Rekdal dette; bruk av sekundærkjelder fører til at opplysingar kan bli endra litt for kvar gong dei blir brukte om att. Til slutt veit ingen heilt kor opplysinga stammar frå, og sjølv om ho finst mange stadar, er og blir opplysinga feil.

I denne saka var det snakk om ein stor og reell miljøtrugsel – desto viktigare er det å prøve å unngå at feilinformasjon øydelegg for hovudbodskapen.

Kjeldekritikk

På leit etter informasjon på nettet, er der nokre grunnleggjande tommelfingerreglar å styre etter: Kvar står informasjonen du har funne – er det ein seriøs nettstad? Kven er avsendaren, har forfattar og/eller sida det står på partsinteresse i det dei skriv om? Når var det skrive, og er det framleis gyldig? Ikkje minst må ein ta ei heilskapleg kvalitetsvurdering av innhaldet.

Det er kanskje ikkje for ingenting at uttrykket om ei fjør og fem høner har festa seg. Det som er sagt eller skrive spreier seg fort, og innhaldet kan endre seg undervegs. Å vere kjeldekritisk i dagens informasjonsflaum er ikkje alltid ei lett øving. Det kan òg vere vanskeleg å vite kva som er sant, kva som er feilinformasjon eller kva som er redigert røyndom. Ein kjem likevel langt ved å vere bevisst på problemstillinga og å bruke dei nemnde tommelfingerreglane.

Kjelder

Ida Kvittingen: «Forskere sprer feil tall om miljøtrussel», forskning.no, publisert 27.4.2015: http://forskning.no/2015/04/sprer-feil-om-miljotrussel (lesedato 21.5.2015)

Ole Bjørn Rekdal: «Tvilsom kildebruk truer kvaliteten i forskningen», forskning.no, publisert 24.10.2014: http://forskning.no/meninger/kronikk/2014/10/tvilsom-akademisk-kildebrukden-akademiske-hviskeleken (lesedato 21.5.2015)

Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel. Kreditering grafiske element brukt i illustrasjon og redigert, alle henta frå freeimages.com: foto fjør: Marcin Rybarczyk, foto høne: Michal Zacharzewski, foto høne utsnitt: Cristina Moldovanu

Stina Aasen Lødemel, 29. mai 2015

Blogginnlegget vart første gong publisert 29.5.2015 på bloggen Siste ytring på aasentunet.no. Siste ytring er bloggen til tilsette i Nynorsk kultursentrum, der vi skriv om emne knytt til språk og anna relatert til arbeidet vi gjer.

Advertisements

Stikkord:, , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: