Penn eller tastatur?

Foto: Butch Dalisay, Flickr.com CC BY-NC-ND

Kan tastaturet nokon gong erstatte pennen? Det enkle svaret er nei.

I ein del tilfelle kan ikkje tastaturet måle seg med pennen (eller blyanten, som er min favoritt blant analoge skrivereiskapar). Spesielt gjeld dette situasjonar der ein skal ta spontane og raske notat, til dømes i eit møte, eller når ein skal notere ned ein tanke eller ein idé. Pennen er her meir spontan og gir større fridom i form; ei pil hit og dit, tankekart, moglegheita til å rable.

Det at eg opplever pennen som uerstatteleg i ein del situasjonar, har fått meg til å stille spørsmålet: Kjem dette av at eg har vakse opp med pennen? Og likevel — trass mange år med tastaturskriving — har eg pennen i ryggrada? Eller om pennen er uerstatteleg, rett og slett fordi den har kvalitetar som tastaturet ikkje har? Vil det til dømes nokosinne kome ein generasjon der pennen og handskrifta er utrydda?

Det er her eg meiner det handskrivne har kvalitetar som ikkje kan erstattast av eit tastatur. Derimot trur eg den analoge og digitale skrivinga vil smelte meir saman, og at vi kan snakke om ei digital handskrift.

Moleskine, ein produsent av notatbøker, har siste åra vore framfuse med tanke på å smelte saman kvalitetar frå den analoge og digitale skrivinga. Moleskine har kome med fleire nyvinningar som gjer den handskrivne skrifta digitalt. Til dømes har dei i samarbeid med Evernote, ei digital nettbasert notatbok, lansert ei analog-digital notatbok. Det er i utgangspunktet ei vanleg notatbok, men det du skriv kan enkelt overførast til Evernote ved å ta eit foto av sida ein vil overføre. Dermed har ein dei handskrivne notata digitalt tilgjengeleg. Og ikkje berre det – dei handskrivne notata er òg søkbare, om ein ikkje har skrive altfor rablete då.

Livescribe er eit anna døme på ein symbiose mellom den analoge og digitale skrivinga. Også dei samarbeider med Moleskine, men Livescribe fungerer også på anna papir og med ein eigen applikasjon. Kort fortalt er Livescribe ein penn som i sanntid overfører det du skriv til ein app og ei digital notatbok. Fleire mobilar og nettbrett kjem òg med ein digital penn der ein kan notere med handskrift direkte på mobilen.

Dette er berre nokre døme der vi ser at den analoge og digitale skrivinga og skrifta smelter saman, men at ein tek kvalitetane frå det handskrivne over i det digitale.

Så kva er eigentleg desse kvalitetane som ikkje kan erstattast av tastaturet?

Delvis kan ein seie at pennen er meir spontan fordi det går raskare å leite opp denne enn å slå på maskina og leite fram programmet du vil skrive i. Pennen er også meir mobil. Du kan til dømes stå og skrive, og den er enkel å ta med seg. Ikkje minst vert den aldri tom for straum. Men dette er nok berre er ein liten del av forklaringa.

Å skrive er ikkje berre ei handling. Det er ein prosess. Skrivinga er ein forlenga del av tankeprosessen. Og denne tankeprosessen er annleis om du skriv med tastatur enn med penn. Med tastaturet kan du enkelt klippe og lime, flytte, slette, skrive nytt og så vidare. Og du kan skrive fort og mykje. Skriv du med penn, og skal skrive noko anna enn raske notat, må du tenkje meir på førehand. Ikkje berre på orda og setningsoppbygginga, men òg disposisjonen. Skal du derimot ta raske notat eller kladde, er det å kunne rable ein god eigenskap med pennen. Det handskrivne har ein nærleik til skrifta som tastaturet ikkje har, og har dessutan større fridom i form. Den har ein spontanitet tastaturet ikkje kan imitere.

Med pennen har ein meir fysisk kontakt med skrifta. Ein formar sjølv bokstavane, i motsetnad til tastaturet, der alle bokstavar er like. Å skrive for hand gir også sansemotorisk hukommelse. Forskingseksperiment har vist at det er ulike delar av hjernen som vert aktivisert når ein ser bokstavar ein har lært å skrive med hand og med tastatur. Det er samanheng mellom skrive- og lesekunne. Sansemotorikken ein brukar og utviklar når ein formar bokstavane fysisk, er til støtte for læring og lesing. Med andre ord er det å lære å skrive – å lære bokstavane – noko anna om det skjer med blyanten enn med tastaturet.

I eit eksperiment der to grupper vaksne skulle lære seg eit ukjent alfabet, såg ein tydeleg forskjellar over tid på kor godt dei hugsa det dei hadde lært. Den eine gruppa lærte alfabetet ved å skrive for hand, medan den andre lærte ved å bruke tastatur. Testpersonane som hadde lært alfabetet med å skrive for hand, hugsa betre det dei hadde lært.*

Tilbake til det innleiande spørsmålet. Eg er ganske sikker på at pennen vil overleve. Eller kanskje rettare sagt: den handskrivne skrivinga. Men vi vil nok sjå meir til at den analoge og digitale skrivinga smeltar saman, utan at pennen dermed vert utrydda. Og ikkje minst: Alt til sitt bruk.

PS: Denne teksten er skriven med tastatur, men vart først kladda med digital penn på mobilen. Som sagt, alt til sitt bruk.

* Resultatet av eksperimentet er gjengitt i artikkelen Trond Egil Toft: «Lærer vi mer med blyant?», forskning.no, publisert 14.10.2010: http://forskning.no/skole-og-utdanning-informasjonsteknologi/2010/10/laerer-vi-mer-med-blyant (lesedato 20.11.2014)

Blogginnlegget vart første gong publisert 21.11.2014 på bloggen Siste ytring på aasentunet.no. Siste ytring er bloggen til tilsette i Nynorsk kultursentrum, der vi skriv om emne knytt til språk og anna relatert til arbeidet vi gjer.

Advertisements

Stikkord:, ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: