Språk og medium

Vi er inne i i eit sosialt eksperiment. Korleis vil dei nye media endre måten vi skriv, les og lærer på sikt? Blir vi klokare eller dummare? Vi har heile verda nær sagt i handa gjennom mobilen, og vi kan enkelt finne ut det vi lurer på. Samstundes er det ein flaum av informasjon frå alle kantar, mobilen pip og blinkar, vi les, svarar, blir avbrotne, responderer, skal lese ein artikkel som er delt, men har plutseleg følgt tre ledd med lenker bort frå artikkelen vi byrja på.

Når ein seier medium, går tankane fort til sosiale medium (eller synske medium), men per definisjon er medium eit middel som noko blir spreidd gjennom. Skrifta er aldri uavhengig av media det blir formidla gjennom.

Form og innhald

Sosiale medium har endra både form og innhald i måten vi skriv og kommuniserer på.

Mange skriv på dialekt. Mediet vi skriv i påverkar måten vi uttrykker og ordlegg oss på. Med sosiale medium, som til dømes Facebook og bloggar, skriv vi no personleg i all offentlegheit. Grensa mellom det private og offentlege blir viska ut. Språkføring endrar seg med mediet og mottakar. Den personlege og uformelle tonen som sosiale medium har gitt rom for, gir ein annan måte å ordlegge seg på offentleg enn det som før berre var meint for sendar og mottakar sine auge. Twitter har i tillegg ei avgrensing på kor mange teikn du kan skrive, noko som set krav til kort og presis formulering.

Samansette tekstar

Dei nye verktøya og media gir oss også ei heilt annan mulegheit til å lage samansette tekstar, også kalla multimodale tekstar. Multimodale tekstar er sett saman av fleire uttrykksmåtar, modalitetar, som til dømes skrift saman med lyd og bilete. Tekst og bilete har blitt brukt saman i hundrevis av år, det er ikkje noko nytt. Det nye er at fleire modalitetar kan setjast saman, og dei teknologiske nyvinningane gir oss heilt nye måtar å samhandle dei på. Interaksjonen gir oss nye måtar å formidle og å forstå på, men gir òg avbrytingar og distraksjonar.

Med dagens informasjonsflyt, er det viktigare enn nokon gong å vere kjeldekritisk. Det gjeld ikkje berre tekst, men òg foto og video.

Lese, skrive, lære, tenke

Det er både interessant, spennande og litt skummelt å sjå kva dei nye media og måten vi brukar dei på gjer med oss på sikt, med lese- og skrivemønster, læring og hukommelse. Vi les og skriv truleg meir enn nokon gong. Vi finn fram til det vi lurer på, og les det som interesserer oss, eller underheld oss. Og trykker vidare til neste. Men går vi glipp av noko av djupna og forståinga med dette mønsteret? Det går rasande fort og dei digitale media er lagt opp slik at vi trykker oss vidare. Mister vi noko av den naudsynte refleksjonen, eller gjer det oss meir opplyste at vi så raskt kan gå vidare frå den eine interessante artikkelen om eit emne til den neste?

Somme skriv etter ein «eit blikk, eit klikk»- prinsippet, og sver til korte innlegg for å halde på lesaren. Lesaren er utålmodig og terskelen låg for å klikke vidare. Det blir ein spiral: om lesaren i stadig større grad møter på korte tekstar, vil lesemønsteret endre seg og dei lengre, djuptgåande tekstane bli meir utilgjengeleg for lesaren som ikkje er lesetrena til å lese slike tekstar. Her bør kvalitet vere styrande, og ikkje lengda. Kvalitet i innhald, kvalitet i språk og tilrettelegging av teksten slik at den er lett å finne fram i og er lesevennleg.

Foto: Stina Aasen Lødemel

Foto: Stina Aasen Lødemel

Ein må ikkje tru at det berre er vår tids digitale tidsalder som endrar skrive- og lesemønsteret. Nyvinningar har til alle tider skapt samfunnsmessige endringar, innan språk og kommunikasjon så vel som på alle andre område. Den store veksten av aviser på 1800-talet, der ikkje berre eliten, men også arbeidarar fekk tilgang til aviser, gav ein ny tidsalder for opplysing, ei ny offentlegheit. Og ikkje minst: Boktrykkarkunsten som blei utvikla på 1400-talet endra måten å lese og skrive på, og truleg også måten å tenke på, fordi måten vi skriv og les påverkar korleis vi tenkjer.

Blogginnlegget vart første gong publisert 15.8.2014 på bloggen Siste ytringaasentunet.no. Siste ytring er bloggen til tilsette i Nynorsk kultursentrum, der vi skriv om emne knytt til språk og anna relatert til arbeidet vi gjer.

Advertisements

Stikkord:, , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: