NFC – kontaktlaus betaling og andre bruksområde

Har du høyrt om NFC og kva det kan brukast til? NFC er noko som vil kome inn i kvardagen vår meir og meir, og det kan derfor vere nyttig med ein introduksjon om kva NFC er for noko og kva det kan nyttast til.

NFC står for Near Field Communication. Som namnet seier, er dette teknologi som berre fungerer over korte avstandar, som i praksis vil seie nokre få centimeter. I likskap med Bluetooth kan ein ved NFC overføre data mellom to einingar.  Men i motsetnad  til Bluetooth treng ein ikkje slå NFC av og på, og einingane må altså vere svært nære kvarandre for å fungere.

NFC brukar elektromagnetiske radiofelt for å kommunisere, basert på radiofrekvent identifikasjon (RFID). Når det elektromagnetiske feltet frå ei NFC-eining når ei anna NFC-eining, opprettast kontakt og kommunikasjon.

Kommunikasjon mellom to NFC-einingar kan gå begge vegar. Ein skil mellom aktiv og passiv NFC. Ei passiv NFC-eining, som ei brikke, inneheld informasjon andre NFC-einingar kan lese av, men kan ikkje lese av andre einingar. Ei aktiv NFC-eining, som ein mobil med NFC, kan både lese av og sende informasjon. Ei passiv NFC-eining har gjerne ikkje straum/ batteri i seg sjølv, men får energi frå den aktive eininga, som genererer eit magnetfelt, når denne er innanfor avstanden som må til for at dei to eingane kan kommunisere.

NFC er ikkje eigna til å overføre store datamengder. Datahastigheita er rundt 400 kbps, mykje lågare enn ved bluetooth.

Så kva kan ein bruke denne teknologien til? Det mest interessante og allmennyttige er nok bruken av NFC som betalingsløysing med mobilen og kontaktlause kort. Det jobbast med å få på plass teknologien, apps, terminalar og system som gjer dette muleg. Det er mykje som skal stemme og henge saman, så utrullinga har tatt lenger tid enn forventa, men det er nok ikkje så altfor langt opp og fram før vi kan betale med mobilen. Allereie tidleg i 2011 var NFC noko ein spådde vi ville få sjå meir til dei næraste 1-2 åra, men lite synleg har hittil skjedd. At det ikkje er så synleg for allmennheita betyr likevel ikkje at lite har skjedd, for det har det. Det blir jobba med å innføre NFC på fleire plan, og sjølv om det har tatt lenger tid å innføre i dagleg bruk enn kva som først var spådd, ser det ut som at denne teknologien absolutt er noko vi får sjå meir til i tida som kjem.

Betaling med mobilen. Foto: Visa

Betaling med mobilen. Foto: Visa

Dette var ein introduksjon til NFC. Ei vidare utdjuping av bruksområde kan du lese meir om vidare i artikkelen.

Bruksområde for NFC

Informasjonsutveksling, autentisere, døropnar, betalingsløysing og meir, mulegheitene er mange. NFC kan til dømes brukast i staden for nøkkelkort på hotell, der mobilen blir aktivert for å kunne låse opp rommet. Også som døropnar- og låsar til bil er det leikt med tanken på å bruke NFC. Men så er det også klart nokre problematiske sider også ved å ta mobilen i bruk som til dømes døropnar til hotell eller bil: Mobilen kan bli straumlaus, eller bilen skal lånast ut til andre. Derfor må slik teknologi gjerne kome som eit tillegg, og ikkje som ei fullverdig erstatning.

Trådlaus nøkkel

I fjor sommar kom Motorola med ei løysing der ein brukar NFC som trådlaus nøkkel til mobil, som låser opp mobilen i staden for bruk av mønsterkode eller talkode. Ved å ha dingsen, kalt Skip, heilt i nærleik av mobilen, låsast mobilen opp.

Motorola «Skip». Foto: nfcworld.com

Motorola «Skip». Foto: nfcworld.com

Bakgrunnen for oppfinninga skal vere at mobilbrukaren gjennomsnittleg låsar opp mobilen 39 gongar i løpet av dagen, og det skal ein altså sleppe med å ha denne dingsen i nærleiken. Men så kan ein spørje, kor late/ effektive treng vi eigentleg å bli? Eg trur ikkje livet blir så mykje enklare eller tida strekke så mykje lenger  med å la mobilen låse seg opp automatisk framfor å teikne inn mønsterlåsen. Men, om det kan få fleire til å bruke pin eller mønstelås, har det ein funksjon. Dog, på sikkerheitssida kan det òg ha ein omvendt funksjon: At folk festar NFC-dingsen på stadar som medfører at den kan kome i gale hender saman med mobilen, som å feste den på sjølve mobilen eller i veska.

Same ideen som på Skip ligg bak å bruke tatovering (kortidstatovering) eller digital pille med mikrobrikke som autentiseringsnøkkel, anten det er for å låse opp mobilen, pc-en, bilen, som nøkkelkort eller anna.

NFC-tatovering. Foto: Slashgear.com

NFC-tatovering. Foto: Slashgear.com

Foto: news360.com

Foto: news360.com

NFC-brikker

Det er òg muleg å kjøpe NFC-brikker/ Tags i ulike storleikar og med ulik datakapasitet, som er små brikker eller klistremerke med NFC innebygd, der du sjølv kan legge inn informasjon, alt frå visittkort, tilkopling til heimenettverk og anna. (Mobili.no har ein artikkel om bruk av NFC-merker om du vil vite meir). Også utføring av ulike oppgåver kan leggast inn, som å ha ei NFC-brikke ved inngangen til møterommet, som ved skanning med mobilen slår mobilen på lydlaust. Men her kan det vere problem med at ulike brikker ikkje fungerer med alle mobiltypar.

Andre bruksområde

I marknadsføringssamanheng kan ein bruke NFC-brikker på reklamemateriell som plakatar, der ein ved avlesing av denne kan få ei rabattkode, ein gratis song, kontaktinformasjon, kart, innsjekking på Facebook med meir, mykje av dei same mulegheitene som QR-koda gir.

NFC kan òg brukast til å lese av billettar, som bussbillettar- og kort. I teorien kan alle slags billettar lesast av med NFC, så lenge teknologien er integrert i den enkeltes seljars system: Billett til fly, kino, konsert osv. Også kupongar av alle slag, så slepp du den haugen med rabattkort som fyller opp lommeboka.

Og sjølvsagt og ikkje minst kan NFC brukast til å overføre data frå ein mobil til ein annan, på same premiss som ved NFC elles: Mobilane på være fysisk nære kvarandre og datamengde som kan overførast er avgrensa.

Nytte opp mot kost

I kvardagen vår gjer vi mange ulike handlingar som i teorien kunne blitt erstatta av NFC-teknologi. Eg seier i teorien, for teknologien finst, men det er mange system som må endrast og skiftast ut skal ein kunne bruke NFC. Og alle som har jobba med ulike betalings-, registrerings- og autentiseringssystem veit at det ikkje er gjort i ei handvending. Det er den tekniske biten, den økonomiske og andre sider, og ikkje minst: Ein må vurdere kostnad opp mot nytte.

Men la oss tenke oss eit scenario der NFC var bygt ut over heile linja. Då kunne ein på ein tur frå Bergen til Oslo, betalt parkeringa på Flesland med mobilen, eller betalt for flybussen med mobilen. Flybilletten kunne du registrert med mobilen, betalt kaffien på Gardermoen med mobilen og kjøpt og lest av billett på Flytoget med mobilen. På hotellet kunne du registrert mobilen slik du kunne brukt den som romnøkkel til hotellrommet. På teatret om kvelden sveipa du mobilen for å lese av teaterbilletten. Om du tok ei handlerunde før flyet gjekk neste dag, kunne du brukt gåvekortet eller tilgodelappen til butikken du var innom, som du hadde liggande på mobilen. Også rabattkortet der du fekk kvar tiande krem gratis, kunne du registrert og fått ”stempla” med mobilen. Og så vidare.. Du ser teikninga?

Men så var det det med nytte opp mot kost. Som bussbillett er det enkelt å sjå fordelane, fordi selskapet sparar mykje tid på å ikkje selje billettar ved påstiging. På andre område er det vanskelegare å sjå nytta, verken for selskap eller brukar eller ingen av dei. For andre igjen kan det vere relevant å vurdere om systemet likevel skal skiftast ut, men ikkje før. Nokre har alt tatt teknologien i bruk, som ulike busselskap, medan andre har snust på mulegheitene, men enn så lenge sit på gjerdet og ser an korleis dette utviklar seg.

Norsk betalingsløysing med NFC – VALYOU

Her til lands står TSM Nordic AS, som er eigd av DNB og Telenor, bak ei betalingsløysing baset på NFC-teknologi som har fått namnet VALYOU. Selskapet utviklar tenester for kontaktlause betalingstransaksjonar som ulike tenesteleverandørar kan kjøpe for å tilby brukarane sine, slik at du og eg kan betale med mobilen. VALYOU

DNB og Telenor står altså bak, men dei ønskjer å få med seg andre innhaldsleverandørar, bankar og mobiloperatørar. Truleg ønskjer dei å få på plass ein standard løysing med flest muleg med på laget. Hittil har dei fått med seg Skandiabanken, Entercard, Sparebank1 og Fana Sparebank av kreditt- og bankleverandørar, pluss Statoil og Norgesgruppen.

For å ta i bruk løysinga må tre føresetnadar vere tilstades: Du må ha ein mobil med NFC (ikkje iPhone, meir om det lenger ned i artikkelen), du må ha mobilabonnement hos ein mobiloperatør som er med på løysinga (førebels berre Telenor) og hos denne få eit NFC sim-kort, og du må ha kort hos ein kreditt- og bankleverandørar som er med i samarbeidet. I tillegg må du ha riktig korttype, førebels er det berre VISA debetkort som kan brukast.

Om desse føresetnadane er til stades, kan du laste ned VALYOU-appen og legge inn virtuell versjon av VISA-kortet ditt og deretter bruke mobilen som mobil lommebok. Ja, om du handlar ein stad der det er muleg å betale med denne teknologien då, førebels er det avgrensa.

I følgje VALYOU er betalingsløysinga like sikker som å bruke plastkort. Det vil seie at det i utgangspunktet er ei trygg løysing, men at du som ved eit vanleg betalingskort må vise varsemd, som å ikkje ha tilhøyrande kode nedskriven saman med mobilen og uansett melde frå til banken om mobilen blir stelt, og få kortet stengt eller betalingskortet på mobilen sletta. Løysinga er godkjent av VISA, bygger på Vis payWave og brukar sikkerheitsløysing som er godkjent av internasjonale øktørar som Visa, Mastercard og American Express. Ved betalingar over kr 200 må du taste ei pin-kode som ekstra sikkerheit. I tillegg må du taste koda etter tre betalingar under denne summen. Ein kan òg velje å bruke kode for alle betalingar uansett sum.

Det står ikkje noko på VALYOU sine nettsider om eventuell øvre betalingsgrense for enkelttransaksjon. I følgje ei undersøking NetCom Trends gjorde i 2013, er det dei lågare summane folk er mest interessert å betale med mobilen for. 49 % svarte at dei ville kunne betalt for under kr 500 i månaden, og 28 % mellom kr 1000 og 2000.

Andre betalingsløysingar

Av andre aktørar som satsar på trådlaus betaling har vi sjølvsagt Google wallet, som ikkje er tilgjenleg i Noreg. WyWallet er ein annan aktør, førebels etablert i Sverige, som er eit samarbeid mellom Telia, Tele2, Telenor og 3. Samt fleire aktørar.

Fasa vi er i no, er ei etableringsfase prega av at nokre aktørar sit på gjerdet og avventar, medan andre satsar for å etablere seg på marknaden for NFC-betaling.

Å vere først ute er både kostbart og risikofylt, men gir desto betre konkurransefortrinn om ein lukkast.

Både bankane, mobilselskap og aktørane som sel betalingssystem- og løysingar – alt frå dei store som Visa og MasterCard til dei små lokale som sel terminalar og betalingssystem for eksempel til brusautomatar – vil vere med. Nokre kastar seg uti det, medan andre ventar og ser kva som etablerar seg av system.

Det som er litt spesielt er at dette ikkje er noko som er pressa fram av eit kundebehov. Tvert i mot er dette noko aktørane må få kundane til å bruke, utanom minoriteten av tidlegbrukarar som gjerne vil teste ut dette. Behov skapar marknad, heiter det, men her er marknadsøkonomien snudd på hovudet. Dei økonomiske prinsippa er likevel ikkje i ulage, tenk berre kva det vil bety for aktørar som Visa og bankane å få handsame og innrullere dei summane vi enda brukar i kontantar.

Etter å ha arbeidd ei stund med denne artikkelen og lest mange artiklar, sit eg igjen med inntrykket av at det skjer veldig mykje på feltet, men at det framleis er noko uoversiktleg. Eg veit ikkje kor mange artiklar eg har lest, daterte både eit og to og tre år tilbake, der det står at systemet vil bli rulla ut i løpet av kort tid.

I satsinga på kontaktlaus betaling ligg det ikkje berre ei satsing på mobilbetaling. Det kontaktlause  plastikkortet er i bruk i fleire land og er på veg til den norske marknaden. Fleire norske bankar starta testing av det kontaktlause kortet allereie i 2011. Det kontaktlause kortet fungerer slik at du i staden for å drage, eller siste åras stikke inn, berre held kortet innåt terminalen for å gjennomføre betalinga. Å vifte med kortet vil altså endeleg få si bokstavlege tyding. Teknologien er også her NFC. MasterCard køyrer PayPass og Visa payWave (også kalt Visa Contactless), som er plattformene både for kontaktlaus kortbetaling og betaling med mobilen. Visas payWave er betalingsplattforma som ligg til grunn i DNBs og Telenors VALYOU. Fleire norske bankar har allereie starta utsending av kontaktlause kort til kundane sine.

Visa payWave. Symbolet til høgre er det du må sjå etter for å vite om kontaktlaus betaling kan brukast. Vil stå på betalingsterminalar, på kort mm.

Visa payWave. Symbolet til høgre er det du må sjå etter for å vite om kontaktlaus betaling kan brukast. Vil stå på betalingsterminalar, på kort mm.

Forskjell mellom NFC og QR-koder

For dei som kjenner til QR-koder og deira bruksområde, kan ein sjå at nokre av bruksområda er dei same. På nokre område er det nok hips om haps kva ein brukar. Men så er det òg store forskjellar mellom teknologiane. Ei QR-kode er til dømes alltid berre einvegs, og er ein rein avlesingsteknologi. QR-kode er kjapt og enkelt å lage, og kan lagast i og på ulike material. Men sjølv om QR-koder og NFC på nokre område overlappar i bruksområde, er det to vidt forskjellege teknologiar som eigentleg ikkje er samanliknbare.

Tryggleik og atterhald

Skal betaling med NFC innførast, betyr det utskifting av betalingsterminalar, samt sim-kort. Dette er naudsynt for å få løysinga på plass, men spørsmålet er kven som tek rekninga. Norgesgruppen meldte hausten 2012 at dei skal få ut 6000 betalingsterminalar med NFC. Samstundes meldte dei at kostnaden vil kome på titals millionar. Ikkje på grunn av terminalane, som leigast, men fordi ein då må vekk frå BankAxept-standarden og over på internasjonal betalingsteneste, noko som er dyrare. Den ekstra kostnaden vil då sjølvsagt gjelde alle selskap som byter ut betalingsterminalar for å legge til rette for betaling ved NFC, og også på andre område der teknologien må skiftast ut for å legge til rette for NFC. Spørsmålet har vore oppe om det er selskapa eller kundane, eller bankane der betaling er inne i biletet, som skal ta kostnaden. Slik det ser ut no, er dette noko som løyser seg meir flytande ved at utskriftingar og overgong til andre system skjer gradvis og ved skifte som uansett skulle ha skjedd.

Samstundes som eg har halde på med denne artikkelen, snakka eg tilfeldigvis med Nets i jobbsamanheng. Eg spurte om betalingsterminalane, og om dei snart kan brukast med mobilbetaling og kontaktlause kort. Dei nyaste terminalane er laga klare for kontaktlaus betaling, dei andre vil bli skifta ut når systemet er på plass, samstundes som at vi som brukarstad vil få informasjon om løysinga. Ho snakka om eit års tid før dette var på plass.

Når det gjeld tryggleik, skal bruk av NFC til ulike oppgåver i utgangspunktet vere trygt. Men tryggleiken med NFC er likevel omdiskutert. Blant anna det at NFC-einingane må vere så nære kvarandre for å aktiverast, kan gjere det vanskelegare å angripe. Eg seier kan, for ny teknologi betyr nye måtar å svindle på. Fleire scenario kan tenkast: Om du brukar ei NFC-brikke til å låse opp mobilen, som den omtalte Skip, vil ein tjuv ha full råderett over mobilen din dersom han får tak i både mobil og NFC-nøkkel, for eksempel dersom NFC-nøkkelen er festa på dekselet eller ligg i veska som også blir stelt. Eit anna scenario er å utnytte dei nære avstandane som må til for å kople til NFC, på til dømes ei folkefull t-bane, og på den måten utnytte den automatiske aktiveringa ved nær kontakt til å opprette ei kopling og hacke og ta kontroll over andre sine mobilar. Ein kan òg lure mobilbrukaren gjennom å legge inn ei handling i ei NFC-brikke og få brukaren til å lese den av ved å lure ein til å tru at den gjer ei anna handling enn kva som er presentert. Med andre ord at ein ikkje får verifisert oppgåvehandlinga før den faktisk utførast.

Tryggings- og sårbarheitsforskaren Charlie Miller utforska NFC og fann fleire sikkerheitshol. Miller sitt beste tips til brukaren er å aktivere stadfesting av NFC-mottak, dersom det er muleg, slik at mobilen ikkje automatisk koplar til andre NFC-einingar som er tett i nærleiken.

iPhone framleis utan NFC

Det var overraskande då iPhone kom med sitt siste flaggskip på mobiltelefonfronten og heller ikkje denne gongen har implementert NFC i mobilane. Det er snart berre iPhone som ikkje har denne teknologien av smarttelefonar, og det synest noko merkeleg at Apple ikkje hektar seg på det som ser ut til å vere eit allment satsingsområde for andre mobilprodusentar. Vil Apple utvikle ein parallell teknologi, eller kva er det som gjer at dei ikkje bygg inn NFC i nye iPhone-modellar? Patentsøknaden frå Apple for digital valuta til betaling mm tyder på at dei også vil hive seg på mobilbetaling, men om det er ved bruk av eigen teknologi eller om dei ser for seg å bruke NFC, er ukjent. Det er ikkje første gong vi ser at ny teknologi kjem med to konkurrerande løysingar, men for forbrukar er det ingen fordel om situasjonen skulle oppstå med ulike løysingar frå ulike produsentar. Men etter å ha kika mykje i kulissane kva skjer rundt NFC-betaling, ser eg det som lite truleg at dei kjem med noko anna løysing, og til meir eg har sett kva som føregår både nasjonalt og internasjonalt, desto meir undrande har eg blitt til kvifor Apple ikkje har implentert NFC i dei nyaste modellenae.

Men iPhone-brukarar blir likevel ikkje heilt ekskludert. Det skal nemleg vere muleg å bruke eit slags deksel til iPhone der NFC er integrert. I tillegg kan NFC integrerast i både sim-kort og minnekort, så det finst alternative løysingar for mobilane som ikkje har teknologien integrert.

NFA (Near Field Audio) ifrogz_boost_speaker_white

NFC og NFA (Near Field Audio™/ NearFA™) er ikkje det same. Om du har sett dei trådlause små høgtalarane der ein berre legg mobilen oppå for å få lyd i høgtalaren, brukar fleire av desse NFA. Sidan iPhone ikkje har NFC, ville ikkje høgtalarane fungert med iPhone om det var NFC som overførte lyden. Eg ser at fleire ved omtale av desse høgtalarane omtalar dei som høgtalarar med NFC. Det kan nok vere både rett og gale. NFC er nok i utgangspunktet lite eigna til å straume musikk ved, på grunn av den avgrensa datamengda. Derimot kan NFC brukast i dei trådlause minihøgtalarane ved at det aktiverar bluetooth og koplar til høgtalaren når einingane er nære kvarandre.

Oppsummering

Som vi kan få inntrykk av ut frå det som er nemnt i her, er mulegheitene med NFC mange. Men eg trur at skal dette få innpass, må teknologien tilby noko vesentleg av nytte i kvardagen. Å aleine bruke NFC til å til dømes låse opp mobilen, tvilar eg på er nok til at folk gidd å bry seg om teknologien. Det må ha ein praktisk innverknad på kvardagen som faktisk lettar eller forenklar noko. Som betaling eller registrering av billettar. Og først når teknologien er såpass utbygd at mobilen enkelt og saumlaust kan brukast til mykje forskjelleg gjennom NFC, kan vi snakke om å også bruke det til dei mindre nyttige føremåla.

Så står det att å sjå kor fort og kor utbreidd NFC-teknologien blir, og bruken av kontaktlaus betaling. Der både 2012 og 2013 var åra der vi forbukarar skulle få mulegheit til å betale med mobilen, trur eg nok vi skal vente både eit og to år minst, kanskje lenger, før dette takast i bruk av folk flest. Men utrullinga har alt begynt, så i løpet av året og neste år vil vi sjå meir og meir til det.

Andre kjelder

NearFieldCommunication.org

apcmag.com: «Inside NFC: how near field communication works»

Dinside.no: «Mobilbetaling skyter fart i 2013»

Advertisements

Stikkord:, , , , , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: