Dagens BankID skrotast!

..og ingen sørger vel av den grunn. Rekk opp handa dei som aldri har hatt trøbbel med BankID og Java!

Dagens BankID har lenge vore utdatert, og ei stadig hovudpine. Som brukar av BankID både som privatperson og gjennom drift av netthandel, har eg opplevd problema med BankID frå begge sider. Det er ein kjent sak at mange kjøp rett og slett avbrytast på grunn av at kunden får problem med BankID og Java. Eit direkte tap for bedriftene, spesielt ergeleg når kunden har tatt valet om å handle hos deg, men blir stoppa av ei teknisk hindring.

Ideen om BankID er god, det er ikkje der det ligg. Eit universalt nasjonalt påloggings- og betalingssystem med høg sikkerheit. Problemet har lagt i at det har vore bunde til Java. Heldigvis har det etter kvart kome alternativ til Java for å logge inn med BankID, som BankID på mobil og nokre kortutsendarar som har brukt kode utan å gå om Java. Men likevel har det ikkje vore lett å kome unna Java, verken for private eller aktørar som treng betalingssystem på nettet. Mange private har ikkje hatt tilgang på alternative løysingar, NetCom fekk for eksempel ikkje BankID på mobil før seint på hausten i fjor.

BankID ofte årsak til avbrotne netthandlar

Fleire aktørar som driv med sal på nettet melder om store tap på grunn av at kunden har problem med å gjennomføre handelen. Eit kjent grep for oss som driv med netthandel, er å lage salsprosessen ryddig og enkel for å auke sjansen for sal og få opp konverteringsfrekvensen. Om kunde opplever problem med å få gjennomføre betalinga, er sjansen stor for at handelen er tapt, berre nokre av kundane vil prøve igjen eller ta opp telefonen og ringe nettbutikken (her er det viktig å ha telefonnummer lett tilgjengeleg!).

Dagensit.no skriv at avbrote netthandlar med kortbetaling i EU-land i gjennomsnitt er 23 % av alle begynte netthandlar og at talet for Noreg er dobbelt så høgt. Det er ei nærliggande slutning å gå ut frå at ein stor del skuldast problem med BankID. Enkelte aktørar har meldt at opptil 40 % av alle sal blir avbrotne grunna at kunde har problem med kortbetalinga. Altså 40 % av alle sal som er sendt til BankID for betaling. Bak tala ligg det store beløp i tapt omsetning og mange misfornøgde kundar.

For aktørar som driv med netthandel har det ikkje vore særleg med alternativ til å unngå BankID om ein skal ha kortbetaling. Det har vore muleg, men det er ikkje nokon standard på det, og det skal heller ikkje vere enkelt å få det. DigiBlogg skriv at Norwegian og Friluftsmagasinet har fått på plass kortbetaling utan bruk av BankID. Men utan BankID sit salsaktøren igjen med større risiko, og for kunden er sikkerheita lågare.

BankID 2.0

For BankID har sin misjon — det aukar sikkerheita. Problemet har vore den %&¤#?? Javaen. No skal det altså bli ein slutt på slitet med BankID og Java, i det BankID er planlagt å gå over til ei ny løysing, BankID 2.0. I løpet av hausten er det planlagt at bankar og brukarstadar skal få tilgang til og kan starte implenteringa.

BankID 2.0 skal kunne køyre i nettlesar utan installert programvare. Løysinga vil støtte dei fleste nettlesarar, med unntak av Internet Explorer 8 og eldre. Bruk av BankID 2.0 vil framleis kreve kodebrikke eller anna løysing for eingongskode. Dagens BankID vil bestå som er parallell løysing. Kor tid den gamle blir utfasa blir opp til bruken, om brukarstadar og kundar meir eller mindre går heilt vekk i frå den gamle løysinga, vil den etter kvart forsvinne heilt.

Så står det att å sjå om BankID Norge greier i halde tidsramma dei har sett. I så fall er det ikkje så altfor lenge til vi kan gle oss over ei håpefullt mykje betre løysing!

Fleire kjelder

Bankid.no: BankID 2.0 uten Java lanseres høsten 2014

e24.no: Nettaktør fortviler over BankID: – 40 prosent ender opp med ikke å kjøpe noe

Advertisements

Stikkord:, , , , , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: