Android Device Manager

For ein månads tid sidan kom Google med eit verktøy som gjer at du kan spore Android-mobilen din frå ei nettside, eller få den til å ringe høgt i inntil fem minutt om du har forlagt den i nærleiken. Er den stolen eller håpet ute for å finne den igjen, kan du òg fjernslette innhaldet på mobilen. Tenesta heiter Android Device Manager, og er du Android-brukar, bør du verkeleg kjenne til denne!

Verktøyet er svært enkelt å ta i bruk. Brukargrensesnittet er enkelt, men gir deg den informasjonen og dei vala du treng. Tenesta er gratis, og for sporing eller fjernsletting finn du alle Android-einingane dine på ein stad. Du vel kva for ein du vil spore, og mobilen/ nettbrettet viser på kartet med ganske stor nøyaktigheit. Vidare kan du velje mellom å ringe eller fjernslette. Ringe-funksjonen verkar sjølv om lyden på mobilen er slått av. Perfekt om du har forlagt mobilen i heimen.

Android Device Manager

Skal du fjernslette må du på førehand ha gitt løyve til dette. Det må du gjere frå mobilen, ved å gå inn på innstillinger/ sikkerhet/ enhetsadministratorer. Du kan òg gjere det ved å gå inn på Android Device Manager, sende melding til mobilen frå alternativet som kjem opp, og du får eit varsel på mobilen som fører deg rett til menyen på mobilen der du godkjenner fjernsletting.

Har du mista mobilen, er som oftast gode råd dyre, for sikkerheitstiltak er lett å kome på når det er for seint. Det fine med Android Device Manager er at du kan ta det i bruk etter at uhellet er ute utan å ha aktivert på førehand. Fjernsletting vil rett nok ikkje la seg gjere om du ikkje har aktivert det på førehand, men både kartplassering og ringe-funksjonen vil fungere.

Du brukar Google-kontoen din for å bruke funksjonen, same Google-konto som du har på mobilen, og loggar inn på www.google.com/android/devicemanager. Her får du opp kartplassering, og kan velje å ringe mobilen eller fjernslette.

Android Device Manager fungerer på alle Android-einingane dine, både mobil og nettbrett. Alle Android-einingane som brukar same Google-konto, er å finne på same stad når du går inn på nettsida. Du vel berre med den lille pila attmed namnet på mobil eller nettbrett kva for ei eining det skal gjelde.

For at det skal fungere, må mobil eller nettbrett vere på.  Du må heller ikkje ha slått av Google sin tilgang til å sjå posisjonen din. Du må ha Android 2.2 eller høgare, det vil i praksis seie at det verkar på alle Android-telefonar som er i bruk i dag. Dersom du vel å fjernslette, må mobilen ha tilgang til wifi. Dersom den ikkje har det for augneblinken, vil fjernslettinga likevel skje så snart mobilen får inn trådlaust. Og obs, har du fjernsletta, vil ikkje Android Device Manager lenger fungere på mobilen.

Mista, stolen eller forlagt – eit kjærkome hjelpemiddel er det uansett.

Kjelder

Official Android Blog: «Find your lost phone with Android Device Manager» (lesedato 21.9.2013)

Mobili.no: Marius Valle: «Endelig sporing på alle Android-mobiler» (lesedato 8.8.2013)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: