QR-koder – kva skal vi med dei?

Så var det desse QR-kodane, då.. Er dei gårsdagens nyheit eller ubrukte mulegheiter? Min påstand er begge delar. Og eg skal prøve å forklare kva eg meiner med det.

Først litt fakta

QR-kode står for Quick Response Code. Det er ei firkanta strekkode som det er lett å dra kjensel på, med ein kvadrat i tre av hjørna. Inntil 30 % av ei QR-kode kan rettast opp igjen automatisk ved avlesing, og det gjer at kodane kan brukast på fleire underlag, med fargar, med innebygd logo osb. QR-kodane blir brukt både kommersielt og til privat bruk. Den vart utvikla på 90-talet, men kom først inn i kvardagen for nokre få år sidan. Ei QR-kode kan opne ei nettside, innehalde kontaktinformasjon, foto, oppkopling til trådlaust nett mm.

Då QR-kodane kom for fullt som eit verktøy i kvardagen for nokre få år sidan, var det fleire enn meg med over middels interesse for teknologi som såg på desse med interesse. Eit verktøy med mange bruksområde.

Det som blant anna gjorde den attraktiv i kvardagen, er at det er så enkelt å lage. Du skal ikkje ha store datakunnskapane for å kunne lage ei QR-kode. Dette gjer at det er eit verktøy dei fleste kan bruke, og ikkje berre utviklarar eller datakunnige. Enda enklare er det å lese den av, med ein app på mobile einingar.

Kinderegg

QR-kodane er litt som kinderegget, med tre overraskingar i eitt: du veit ikkje heilt kva du får før du har opna koden, det er eit digitalt verktøy som opnar for mange bruksområde, og eit artig leiketøy for oss med slike interesser.

Det at QR-koden har så stor prosent feilmarginen som kan rettast opp, gjer at det er lite avgrensingar i materiell å lage den i, underlag og utforming. Den er enkel å lese av, enkel å lage. Storleiken på den kan tilpassastfrå giga til ganske smått.  Og den er gratis både å lage og å bruke. Så då må ein spørje seg – kvifor er den ikkje brukt oftare?

Ubrukte mulegheiter?

Mange med meg vart entusiastiske då QR-koden kom inn i kvardagen. Men interessa for desse kodane sank ganske fort når det ikkje lenger hadde glansen av noko nytt og ingen revolusjonerande bruk haldt oppe interessa. Eg trur det ligg mange ubrukte mulegheiter i QR-kodane, som vi ikkje har funne fram til enda.

Dei kjempestore bannera med store QR-kodar, som hang på Gardermoen for eit par år sidan, kan neppe ha unngått merksemda til dei som på si reise gjekk forbi denne reklamen. Problemet er at svært mange av dei som såg reklamen, ikkje ante kva ei QR-kode var. I ettertid framstår det meir som ei reklame for QR-kodar, enn det det eigentleg reklamerte for (eg hugsar ikkje kva det var for, men eit raskt Google-søk fortel meg at det var for KPMG).

Ein del bedrifter og private tok det i bruk for eit par-tre år sidan, medan mange ikkje har begynt å bruke det før i det siste. Men nysgjerrigheita på kva det kan brukast til og mulegheitene som ligg der, har falt blant mange. Det er vel noko av grunnen til at det i dag er mest vanleg å bruk til informasjon og opplysning: På eit produkt i butikken for å lese meir om produktet, i museum for å få meir informasjon om gjenstanden, og som eit tilleggselement på plakatar og visittkort.

Til informasjon og opplysning er det eit flott verktøy, fordi du på liten plass kan sende brukaren raskt og direkte til meir informasjon. Eller du i annonse- og reklameinnhald kan sende brukaren til billettbestilling, nedlasting av app osb. Altså som ein snarveg.

Og til alt dette er det eit godt verktøy. Men kva meir kan vi bruke dei til?

Grunnleggande premissar

Skal ein lukkast med QR-kodar, er det nokre grunnleggande premissar som må vere tilstades.

Overordna: Det må ta kortare tid å skanne QR-koden enn det tar å gjere handlinga manuelt.

Det tar nokre sekund å leite opp kameraet eller appen som skannar QR-kode, og å gjennomføre skanninga.  Dersom QR-koden berre leiar til ei enkel url-adresse, som startsida på ein nettstaden, går det ofte raskare å skrive inn adressa manuelt på mobilen. Er det derimot ein link til ei url-adresse lang som eit vondt år, vil det gå raskare med QR-kode. Det same gjeld for eksempel ved bruk av QR-kode på visittkort med kontaktinformasjon, det går langt raskare å skanne denne enn å legge inn namn, telefonnummer mm.

Eit anna grunnleggande premiss er at det må vere enkelt å lese av QR-koden. QR-lesaren må vere lett tilgjenge. Nokre mobilar han den innebygd i kameraet. Den bør uansett vere lett tilgjengeleg frå startbiletet på mobilen for at folk skal bruke den meir.

Ein QR-kode bør også gjerne gi brukar noko han elles ikkje hadde fått tilgang til, tilleggsinformasjon eller gi noko meir enn han elles hadde fått. Dette er sjølvsagt ikkje ein premiss, i mange samanhengar er det tvert i mot heilt naudsynt å gi brukaren tilgang både gjennom QR-koda og tilsvarande informasjon i skrift. Tenk berre på visittkortet om det berre var ei QR-kode på, eller billettbestilling folk ikkje fekk gjennomføre dersom dei ikkje skanna ei QR-kode. I slike tilfelle er det den overordna premissen som slår inn – at skal brukaren velje å skanne framfor å trykke det inn, må skanning vere enklare og raskare enn manuell inntasting.

Men igjen, i nokre samanhengar er det essensielt å gi brukar noko gjennom QR-koden han elles ikkje hadde fått tilgang til. Ein meirverdi han berre oppnår gjennom skanning.

Anna som er viktig å hugse på, er at om QR-koden er til ei nettside, må denne vere mobiltilpassa. Og for all del, tenk gjennom nettilgang. Er QR-kode brukt som del av ei utstilling inne, er det forventa at det følgjer med trådlaust nett. I andre samanhengar er det greitt å forvente at mobilbrukaren må ta i bruk mobilt nett for å lese den av. I så fall, pass på at det faktisk er dekning for mobilt nett der du set den opp! (det er det vel dei fleste stadar, men ikkje alle stadar, nei)

Kreativ og funksjonell bruk

Kanskje må QR-kodane ut av reklamebransjens svette grep for at vi skal få auge på dei meir nyttefulle bruksområda. Og løfte blikket frå å bruke dei som snarvegar til nettadresser, til meir funksjonell og kreativ bruk.

Eg trur at å kombinere QR-kodane med andre teknologiske verktøy kan vere ein veg å gå.

Kolumbus (Rogaland Kollektivtrafikk FKF) var tidleg ute med å gjere seg nytte av QR-kodane. Allereie i 2010 begynte dei med å sette opp QR-kodar på busstoppa, som den reisande kunne skanne og få ruteinfo knytt til enkelte busstoppet. Sidan då er dette vidareutvikla, og QR-kodane er no kopla til sanntidsinformasjon om rutetidene for det enkelte busstoppet. Eit svært godt døme på at QR-kodane har livets rett om ideane bak er gode. (Elles vil eg legge til at Kolumbus gjer mykje spennande på den teknologiske fronten, det er vel verdt å besøke «IT-labben» deira)QRkode og AR Harmony_fotogrcodetracking.net

Harmony har laga ein app der dei tek i bruk QR-kodar saman med AR (Augmented reality/ utvida røynd/ utvidet virkelighet). Eit leiketøy i dette tilfellet, men eit godt eksempel på at QR-kodane har mulegheiter saman med andre teknologiske verktøy.

I dag kan du få fleire typar billettar tilsendt som ei QR-kode, til innsjekking på fly eller billett til kino, konsert ol. Dette er enkel, men effektiv, bruk av kodane. Og papirlaust, ikkje minst.

Emart laga ein spesiell kampanje ved bruk av QR-kode, der dei ønskte å oppnå eit konkret mål. Dei skal verkeleg få for kreativiteten! I følge videoen under oppnådde dei òg målet sitt. Reklamen har vunne fleire prisar. Som andre originale idear vil den vere mindre effektfull om nokon kopierar den, men er ein først ute med ein ny tanke som dette, kan det slå an. I dette tilfellet ligg det nok svært store kostnadar bak til prosjekt og gjennomføring, men ein god ide treng heller ikkje å koste så mykje. Det er slik bruk i marknadsføring eg likar å sjå, original, kreativ og nytenkande.

Andre føremålstenlege måtar å bruke QR på

Sette opp ei QR-kode lett tilgjengeleg i heimen, kafeen el. med oppsett av trådlaust. Med å skanne QR-koden får besøkande raskt tilgang til ditt trådlause nettverk.

Lag klistremerke med QR-kode og klistre på objekt der du kan trenge rask tilgang til meir informasjon. For eksempel bruksanvising eller instruksjon til videokamera, vaskemaskin, varmepumpe eller anna: Finn instruksjonen elektronisk dersom det er tilgjengeleg, eller skann vedlagte instruksjon og lagre i Docs eller Evernote eller liknande. Lag QR-kode med link til den elektroniske instruksjonen, skriv QR-koden ut på eit lite klistremerke og fest på videokameraet eller varmepumpa. Neste gong skal stille på noko på varmepumpa du ikkje hugsa korleis du gjorde, skannar du berre QR-koden som er klistra på varmepumpa. Godt tips frå Jamie Todd Rubin.

I museumssamanheng er det eit godt verktøy som kan brukast på mange måtar. Til dømes utvida informasjon eller tilleggsinformasjon anten det er skrift, lyd, bilete, video, grafikk eller anna. Slik tilleggsinformasjon visast sjølvsagt òg fram gjennom skjermar, iPad, lyttestasjonar mm, men det er avgrensa kor mange skjermar der er plass til (fysisk og estetisk) og kva som bør stå framme utan å skape visuelt støy. Museumsfronten er kanskje eit av dei områda der eg per i dag kan sjå flest mulegheiter i bruk av QR-kodar, inne og ute (hugs at det bør vere trådlaust tilgjengeleg!).

Eit anna døme i museumssamanheng er for eksempel at det attmed tekstinformasjon til objekt kan vere ei QR-kode som sender folk til andre språk av teksten. Det kan bli mykje tekst dersom informasjonen skal stå på fleire enn to-tre språk. Med ei QR-kode kan den besøkande få tilgang til informasjonsteksten på eit større utval språk.

Viktig i denne samanheng, er at om den besøkande alt har leita opp mobilen og QR-lesaren (evt låne tilsvarande av museet), er det mykje enklare å få han til å skanne tjue QR-kodar enn ein.

Oppsummering

Eg spurte innleiingsvis om QR-kodar er gårsdagens nyheit utan særleg nytte eller eit nyttig verktøy vi ikkje har sett alle mulegheitene av enda. Eg trur det siste. Kall meg gamaldags som ikkje har skrota QR-kodane, men eg trur der er bruksområde vi ikkje har kome på enda. Ikkje minst saman med andre teknologiske verktøy eller program. Dessutan må nye verktøy få tid til å feste seg blant den allmenne brukaren. Vi med over middels interesse for slikt, gikk kanskje litt lei av å leike før vi hadde prøvd ut mulegheitene. Vi såg kanskje for oss ei valdsam og revolusjonerande utløysing av bruksområde, som så aldri kom. Og QR-kodane fekk slitasjeskade av å stort sett bli brukt i reklame og som snarveg til ei nettadresse. Men eg trur vi skal toe hender ei stund til, og sjå om ikkje dette er noko som treng tid på å utvikle seg. For ja, eg trur QR-kodane har potensiale.

Til slutt nokre ikkje fullt så gode tips til bruk av QR-kode

Kredit: techcrunch.com

Kredit: techcrunch.com

  • Har du flatt tak, kan du lage ei kjempestor QR-kode på taket. Slik som Facebook har gjort. Ja, for ein veit jo aldri kva som er der ute, kanskje nokon i eit helikopter vil lese den av? Eller nokon som studerar satellittfoto eller kikar på satelittbilete i Google maps? Nja, ser ikkje heilt poenget, men om all pr er god pr, har dei fått ein del for stuntet. Og då var kanskje målsetjinga oppnådd? (hmm, eg bur like ved ein flyplass, kanskje eg skal dekorere taket mitt, så Widerøe-passasjerande har noko å skanne ved avgang og innflyging?)
  • Tatover på ei QR-kode. Ja, for folk går heilt sikkert rundt å skannar deg. Men igjen, er det merksemd du er ute etter, funkar det sikkert, på same måte som å tatovere idiot i panna vil gi deg merksemd..

    QRCode-Tattoo-01

    Kredit: Geegy tattoos

  • Barber katten eller hunden din slik at mønsteret blir ei QR-kode med kontaktinformasjon. (Funkar dårleg om dyret først blir funne etter to veker)
  • Plant blomstane i blomsterbedet som ei QR-kode (og poenget var?)
  • På gravsteinen
  • Og ver så snill, la meg sleppe å sjå QR-kodar på nettsider (hallo, høyrt om link?), i tv-reklame og skilt du køyrer forbi i fart. Dette er liksom ikkje dei rette stadane for å bruke QR-kode!
  • Fleire foto av mindre føremålstenleg bruk av QR-koder, sjå wtfqrcodes.com.

Sjå òg NRK Beta sin artikkel om QR-kodar, mange tankar og idear i kommentarfeltet.

Advertisements

Stikkord:, , ,

Trackbacks / Pingbacks

  1. NFC – kontaktlaus betaling og andre bruksområde | faustina.me - 13. februar 2014

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: