Ein rask prat om Snapchat

Har du ein ungdom i huset, veit du nok kva eg pratar om. Appen Snapchat har blitt veldig populær.

Kva er Snapchat?

Snapchat er ein bilete- og videodelingsteneste for iPhone og Android. Kort forklart kommuniserer folk med kvarandre med å sende foto eller korte videosnuttar, alternativt med ein kort tekst attmed. Mottakar kan berre sjå meldinga i nokre sekund, ut frå kva sendar har bestemt. Maks visningstid er 10 sekund, minimum 1 sekund.

Idéen

Spontant, direkte, autentisk er stikkord for Snapchat. Noko av tanken bak er å fjerne seg frå det sjølvkonstruerte, parallelle livet dei fleste i ulik grad bygg seg i sosiale media. Snapchat skal vere ekte, direkte og uredigert kommunikasjon mellom vennar, med bilete som eit viktig formidlingsverktøy.

Kven utvikla Snapchat?

Snapchat vart utvikla av Evan Spiegel og Bobby Murphy, medan dei gjekk på Stanford University. Dagens arbeidsgruppe består av Daniel Smith, David Kravitz, Bobby Murphy og Evan Spiegel. 1)

Når kom Snapchat?

Snapchat blei lansert for ios i september 2011, nærare bestemt 26. september, i følgje Snapchat-bloggen si eit års feiring. Til Android var det lansert i oktober 2012.

Problemstillingar

Problemstillingane, eller rettare sagt det ein skal vakte seg for, er som i andre sosiale media: Tenk på kva du delar. Og ikkje la seg blinde av at biletet berre skal synast hastig og deretter forsvinne for alltid. For sjølv om mottakar i utgangspunktet berre kan sjå biletet nokre sekund, finst det måtar å bevare fotoa på. Mottakar kan for eksempel ta eit skjermbilete, eller ein venn kan ta eit foto av skjermen. Og sjølv om Snapchat ikkje lagrar fotoa i appen, gjer mobilane det, og med litt kunnskap kan det vere muleg å hente fram snapchatfoto som skulle vore destruert. Dette har vore eit diskutert tema med ulike synspunkt. 2)

Ei anna problemstilling fleire dreg fram, er at appen sin funksjonalitet kan bli tolka som sikker sex, at terskelen senkast for å utforske og å sende seksuelle foto. I førestillinga om at mottakar berre ser fotoet du sender i til dømes 5 sekund, kan folk bli frista til å sende frå seg foto dei elles ikkje hadde delt. Det er likevel ein kjent sak for dei som brukar Snapchat at mottakar kan ta skjermfoto, noko som nok er med på å bremse sending av slike foto. Problemstillinga er reell og skal ikkje undervurderast, men òg hugse på at dei fleste ungdommar har stor glede av appen til kvardagsleg kommunikasjon utan tanke på å sende nakenfoto.

Dei du er vennar med på Snapchat, kan sjå kven du er bestevenn med (BFF) og kven og kor ofte du sender bilete til andre. Ein hemmeleg kjærast er altså ikkje så lett å skjule på Snapchat!

Fotnotar og utdjuping

1) Eit søk på nettet gir meg ulike svar. Ein stad står det at Snapchat blei utvikla av Daniel Smith, David Kravitz, Bobby Murphy og Evan Spiegel. Ein annan stad at det var Evan Spiegel. Ein tredje stad står det at det var Evan Spiegel saman med Bobby Murphy som utvikla Snapchat. Sidan siste opplysinga er skrive av Spiegel sjølv på bloggen til Snapchat, vel eg sjølvsagt å tru på det. Så er det vel heller ikkje usant å seie at alle fire er med på å utvikle Snapchat vidare, for dagens arbeidsgruppe består nettopp av Daniel Smith, David Kravitz, Bobby Murphy and Evan Spiegel.

2) Det er ulike meiningar om korleis fotoa lagrast og kor enkelt det er å hente dei fram att. Sjå til dømes kva Snapchat sjølv skriv om dette på bloggen sin, og andre artiklar om temaet: Forbes.com, Dagensit.no, Amobil.no, Businessinsider.com.

Andre kjelder

Forbes.com: Snapchat: The Biggest No-Revenue Mobile App Since Instagram

Forbes.com: What Is Snapchat and Why Do Kids Love It and Parents Fear It?

Dagbladet.no: Deler grimaser og genitalia på verdens mest populære bildedelingstjeneste

Advertisements

Stikkord:, ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: