Batteritid på smarttelefonar

Tom for straum? Med dagens smarttelefonar er det eit kjent problem. Medan vi ventar på teknologien som gir smarttelefonane lengre batterikapasitet, kan vi ta andre hjelpemiddel i bruk.

Det er ikkje uvanleg at spørsmålet etter om noko har ein ladar dukkar opp på arbeidsplassen eller andre sosiale samanhengar. Med smarttelefonane har vi fått heileverden på mobilen og eit hav av mulegheiter. Men med smarttelefonen har vi òg fått noko anna som vi må forhalde oss til og passe på dagleg: å ha nok batteri.

Frå «mobilt ringeapparat» til «mobil datamaskin med innebygd ringeapparat»

Mange som for første gong skiftar frå «gamaldags» mobil til smarttelefon, forstår ikkje kvifor mobilen går frå å kunne ha batterikapasitet i mange dagar, til å måtte lade dagleg. Er det noko gale med telefonen? Nei, det er det altså ikkje, men det er ikkje vanskeleg å skjøne at tanken melder seg. Det er jo helst slik at når ein går frå eit produkt til noko nyare og meir moderne, ventar ein at produktet fungerer betre på alle område. Det ein må hugse på i denne samanheng, er at ved overgang frå «gamaldags» mobil til smarttelefon, skiftar ein mellom to produkt som ikkje heilt kan plasserast i same kategori. Ja visst kallar vi begge delar mobiltelefon, men det er òg ein grunn til at vi kallar den nyaste for smarttelefon. Eigentleg er skiftet av mobil ein overgang frå «mobilt ringeapparat» til «mobil datamaskin med innebygd ringeapparat».Ladar

Og her er vi med kjerna kvifor nye mobiltelefonar har så mykje kortare batterikapasitet enn dei tidlegare mbilane. For medan det stort sett var ringesamtalane som drog straum på dei tidlegare mobilane, er det på smarttelefonane mangt og mykje som dreg straum. For å illustrere dette kan du berre tenke tilbake på salsannonsene for nokre år tilbake. Då var batteritid opplyst, både batteritid utan bruk og batteritid ved samtale. I dag har vi så ulik bruk, og ikkje minst til så mykje forskjelleg, at det er umuleg å opplyse om batteritid.

Men det er ikkje slik at batteria ikkje har blittt betre sidan dei gamle mobilane. Batteria har faktisk blitt mykje betre, både i kapasitet og teknologi, men med dagens bruk av mobilane, har batteriutviklinga likevel ikkje haldt tritt.

Så medan vi ventar på smarttelefonar med betre batterikapasitet, kva gjer vi for å ikkje hamne i situasjonen der vi står utan straum på mobilen akkurat då vi aller helst hadde treng det (ja, for treng vi det ikkje alltid mest når vi ikkje har det..?).

To måtar: Sørge for å alltid ha ein ladar eller naudladar i nærleiken, eller spare på straumen på mobilen. Det finst mange triks for å auke batteritida på mobilen.

Naudladar

Det er lurt å ha fleire laddarar. Gjerne ein heime og ein på jobben, samt billadar. Eventuelt å med seg ladaren. Å kjøpe seg ein naudladar, er vel investerte pengar. Naudladaren er ein av mine nye yndlingsdingsar. Ikkje fordi den kan gjere så mykje, den har ein einaste funksjon, men den gjer det den skal gjere: Å gi mobilen (eller nettbrettet) din straum når du treng det. Den tar liten plass, så det er lett å alltid ha den med seg.

MiTone mobile ladar, modell MITPP20

MiTone mobile ladar, modell MITPP20

Det finst eit stort utval av naudladarar, behov skaper alltid nye produkt. Utover produsentmerke, er det i stor grad kapasiteten som skil mellom ulike typar. Og nokre finessar på enkelte. Og kvalitet sjølvsagt. Det finst til og med naudladar med sveiv, der du sjølv skapar energien som trengs til straum. Eller med solcellepanel. Med desse er du heilt uavhengig av teknologien. Perfekt for teltturen langt unna elektrisitet og stikkontaktar. Men gjerne litt større enn ein vanleg naudladar, og derfor ikkje så praktisk å ha fast i lomma. Ja, for kjøper du deg ein naudladar, bør du gjere det til ein vane at den alltid ligg i veska eller i lomma, ein naudladar som ligg heime er det ikkje mykje hjelp i.. Ein liten naudladar som kan lade opp smarttelefonen ein gong, dekker som oftast behovet. Du kan lese meir om dette i artikkelen der eg testar naudladaren MiTone MITPP20.

Tips for å auke batteritida

Det er fleire ting du kan gjere som aukar batteritida på mobilen din. Anten permanent eller i kortare tidsrom, viss du har behov for å spare på batteriet utover kvelden.

Screenshot_2013-09-14-20-41-51

  • Skru av wifi og mobilt nettverk.
  • Vil du ha på Internett, kan du i staden minimere straumen på e-post, varslingar og anna. Skru av automatisk oppdatering av e-post, slik at du berre oppdaterar manuelt når du går inni e-posten.
  • Skru av automatisk oppdatering av sosiale media.
  • Ver bevisst korleis appar og småprogram oppdaterast. Blir foto automatisk lasta opp program på Internett? Er det andre appar som oppdaterast i bakgrunnen, som nyheiter, vêr eller anna?
  • Sjekk kva appar som ligg opne i bakgrunnen. På HTC trykker du på knappen nede til høgre for å få opp opne program, eller dobbelttrykker på heim-knappen på dei siste HTC-mobilane. Lukk dei programma du ønskje med å drage vindauga til sides. På iPhone dobbeltklikkar du på heim-knappen og får ei liste nedst, der du kan krysse ut vindauga du vil lukke.
  • Slå av GPS.
  • Skru av vibrering.
  • Skru ned lysstyrke på skjermbelysing.Screenshot_2013-09-14-20-42-16
  • Slå av skjermen når du ikkje brukar mobilen, ikkje vent til den automatisk går i svart. Du kan òg endre innstillinga for kor raskt mobilen skal gå i dvalemodus.
  • Bruk mobilens straumsparefunksjon. På min HTC One X+ har eg på at mobilen automatisk slår på straumsparefunksjonen når det er mindre enn 15 % straum att.
  • Ta innimellom ein kik på kva mobilen brukar straum på. Så veit du kor det er mest å spare, eller om du har på innstillingar i nokre av appane som er heilt unødvendige og dreg mykje straum.

Batteriet i utvikling

Tusenkronersspørsmålet er sjølvsagt: Kvifor lagar dei ikkje berre smarttelefonane med betre batterikapasitet? Utviklinga har rett og slett ikkje kome dit enda. Men det kjem, fleire produsentar jobbar på spreng med dette. Og som sagt – det har skjedd stor utvikling av batteri til mobil sidan dei gamle mobilane. Det berre opplevast ikkje slik, fordi vi brukar mobilen på ein heilt annan måte i dag, og teknologien på batteri ikkje heilt har haldt følge.

Kva om batteriet kunne ladast på null komma niks? Amobil.no har tidlegare skrive om 18-åringen Eesha Khare som var ein av vinnarane av Young Scientist Award tidlegare i år. Ho har funne opp ein superkondensator, laga ved hjelp av nanoteknologi som kan få plass inni eit batteri til mobiltelefon, og ladast på 20–30 sekund!

Advertisements

Stikkord:, ,

Trackbacks / Pingbacks

  1. Test: Naudladar MiTone MITPP20 | faustina.me - 22. september 2013

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: