Test: Naudladar MiTone MITPP20

«Nokon som har ein ladar til iPhone?» Du har heilt sikkert fått spørsmålet – eller spurt det sjølv – på jobben, på festen eller i andre samanhengar. Med dagens smarttelefonar er batteritida eit gjennomgåande problem. Beste tips: Kjøp ein naudladar. Eg har testa MiTone sin modell MITPP20.

MiTone mobile ladar, modell MITPP20

MiTone mobile ladar, modell MITPP20

MITPP20 er liten og snerten, og lett å bære med seg overalt. Det følgjer med ein liten pung å putte den i og to kablar. Ei leidning går til Apple, den andre har mikro-usb og passar til dømes til HTC.

Produktet har ein funksjon: Gi straum når du treng det når du ikkje har ladar eller stikkontakt i nærleiken.

Du kan få naudladarar i mange fasongar og med ulik kapasitet. Denne skal i følgje produktbeskrivinga kunne lade smarttelefonen din 100 % fullt opp ein gong, eller nettbrettet 30 %, før den må ladast opp på ny. Eg har ikkje testa på nettbrett enda, men den lada iallfall fullt opp min HTC One X+. Ofte har eg berre har hatt behov for å bruke naudladaren i kortare tidsrom, utan å fullade, og då varer den fleire gongar utan å lade opp.

Det som er så greitt med den i så måte, er at du kan sjå kor mykje straum som er igjen i den. Trykker du på ein knapp, vil inntil fire led-indikatorar lyse. Lyser alle fire indikatorpunkta, er den full, lyser eit eller to, begynner den å bli tom for straum. Slik har du full kontroll på om den er full eller om den treng å bli lada før du forlet huset neste gong.

Naudladaren må sjølvsagt sjølv ladast, og det gjer du med din vanlege ladar til iPhone, HTC eller annan. Under lading lyser led-indikatorane heile tida og indikerer kor langt den er kome i ladinga.

Konklusjon

Eg har hatt naudladaren i to månadar, og har allereie hatt bruk for den fleire gongar. Den gjer det den skal, og med led-indikatorane er det lett å passe på at den alltid er full. Naudladaren er liten og hendig. Ikkje utan grunn har den fått fast plass i veska mi. At det følgjer med kablar til både Apple og med mikro-usb, gjer at fleire i familien kan bruke den om vi til dømes er på tur. Den kan òg brukast på iPad, iPod, andre typar mp3, nettbrett mm. Eg skulle sjølvsagt ønskt det ikkje var behov for ein ekstra dings med berre denne eine funksjonen, men iallfall inntil smarttelefonane får lengre batteritid, har denne blitt ein naudsynt hjelpar for meg i kvardagen.

Les òg artikkelen om «Batteritid på smarttelefonar»

Advertisements

Stikkord:,

Trackbacks / Pingbacks

  1. Batteritid på smarttelefonar | faustina.me - 22. september 2013

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: