Netflix

Netflix møter krava til dagens filmsjåar. Og du er filmverten, ut frå dine eigne preferansar. Snart iallfall. For dagens funksjon der det er heile familiens samla preferansar som legg grunnlaget for forslag til fimar, blir snart byta ut med individuell tilpassing.

Er så Netflix kome for å bli? Ja, det trur eg. Iallfall så lenge filmteknologien er som i dag (for kven veit vel kva det neste blir?). Vi har på få år opplevd ei endring i rasande fart i måten vi ser og høyrer lyd og bilete, frå vhs og kassettar, videosjappe, cd, dvd, blue-ray osb, til dagens strøymeteneste. Derfor skal eg vere varsam med å spå framtida på feltet, men enn så lenge trur eg vi bokstaveleg tala vil sjå meir av Netflix.

Noko Netflix er svært gode på, er å kome med forslag til film ut frå dine preferansar. Preferansane dine får dei gjennom spørsmål du svarar på, og ikkje minst gjennom kva du har sett på tidlegare. Desto flinkare du er til å vurdere sette filmar, til betre forslag kan Netflix kome med. Avansert teknologi ligg bak. Preferansane dine og forslag til filmar blir også delt inn i ulike klassifiseringar. Det går på sjanger, men òg meir detaljerte inndelingar. Til dømes «komedier om arbeidsplassen». Eller som den eg fekk; «serier med sterke kvinnelige hovedroller».

Eit av problema med dette, er at mange gjerne har fleire familiemedlemmer på same brukaren. Dermed får du, og dei andre som er på abonnementet, ei salig blanding av forslag til filmar ut frå mors, fars, søster og brors preferansar. Det gjer Netflix no noko med.

Nye funksjonar på Netflix
Blant funksjonane Netflix har lansert vil kome, er mulegheita til å ha fleire brukarprofilar på same abonnement. Ein kø-funksjon der du kan merke filmar du vil sjå seinare, er òg venta å kome. Å laste ned filmar for offline sjåing, er derimot noko Netflix ikkje har planar om å innføre. Derimot har dei planar om eit familieabonnement, som gjer at du ved å betale noko meir, har tilgang til å strøyme på fire einingar samstundes frå eit Netflix-abonnement, mot dagens standard med to. Ja, du har faktisk mulegheit til å strøyme på to einingar samstundes med dagens abonnement. For dei fleste held nok det.

I framtida kan du skilje mellom fleire brukarar på abonnementet ditt, slik at alle i familiien kan ha kvar sin profil. Det vil gi mykje meir relevante forslag til filmar og seriar ut frå dine preferansar. Foto: pcworld.com

I framtida kan du skilje mellom fleire brukarar på abonnementet ditt, slik at alle i familiien kan ha kvar sin profil. Det vil gi mykje meir relevante forslag til filmar og seriar ut frå dine preferansar. Foto: pcworld.com

Saumlaust
Noko av det eg likar med Netflix, er kor saumlaust sjåinga tilpassar seg ulike plattformer, og like saumlaust lar deg skifte mellom til dømes pc-en og mobilen. Har du satt på pause midt i ein film på pc-en, kan du ta opp mobilen og sjå frå der du trykte på pause. Og som eg seier; Netflix var den tilbydaren som for meg verkeleg gjorde det interessant å sjå tv på mobilen. Kvaliteten er framifrå.

No verkar eg veldig lite kritisk til Netflix. Men det er rett og slett fordi eg opplever det som ei teneste som er gjennomført og god. Sjå berre på bloggen til utviklarane bak Netflix, på Netflix sin blogg om teknologi og teknologiske problemstillingar, så ser ein kva som faktisk ligg i botn. Eg opplever å få igjen for det eg betalar i månaden. Men noko er det alltids å sette fingeren på. Utvalet kunne for eksempel vore mykje betre. Men det kjem, håpefullt. I mellomtida lener eg meg kritisk, men godt nøgd, tilbake og ser.. ja, kva då? Preferansane mellom ei mor på 34 og ei tenåringsdotter på 13, gir noko – la oss seie uventa – forslag til filmar.

Nye tv-vanar
TV-vanane endrar seg. Vi ser meir og meir tv gjennom strøyming. Her i huset har vi to strøyme-abonnement for film og seriar: Netflix og TV2 Sumo. I tillegg kjem NRK nettv. Vi har også vanleg tv, med Riks-pakken, men det blir mindre og mindre brukt. Og det speglar tv-vanane til mange. Med ein strøymeteneste kan du sjå det du vil, når du vil og på kva plattform du vil. Men det er ei god stund til stova blir utan tv – dit er vi ikkje komne enda. Dessutan tilpassar produsentane tv-en til dei nye vanane, med blant anna smart-tv, og det er nok ein viktig strategi for å få oss til å behalde tv-en i stova. Mange vil nok heller ikkje gje opp den sjåaropplevinga tv-en gir i skjermstorleik og lyd. Dessutan, framtida blir nok trådlaus og saumlaus samankopling mellom ulike plattformer ein realitet.  Med eit tastetrykk, eller handsveip, vil du kunne flytte filmar, bilete, dokument mm frå den eine eininga til den andre.  Det har allereie begynt å kome løysingar for dette, og eg tippar vi vil sjå meir til ein slik funksjon i framtida.

Kjelder, ja takk:
Jonas Blich Bakken: «Slik får hele familien musikk og film», dagensit.no, sist oppdatert 27.4.2013 http://www.dagensit.no/article2603730.ece [lesedato 2.5.2013]
Ian Paul: «Netflix adds personalized profiles with recommendations for your entire household», pcworld.com, publisert 8.1.2013 http://www.pcworld.com/article/2024221/netflix-adds-personalized-profiles-with-recommendations-for-your-entire-household.html [lesedato 2.5.2013]
Stein Jarle Olsen: «Dette blir nytt på Netflix», tu.no, publisert 24.4.2013 http://www.tu.no/tester/2013/04/24/dette-blir-nytt-pa-netflix [lesedato 2.5.2013]

Advertisements

Stikkord:, , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: