Men språket mitt får du aldri

Stadig kjem nye ord i bruk i språket vårt. Importord, oftast engelske, blir i vår digitale og grenselause verd raskt tatt opp i daglegtalen. Nye ord dukkar opp når det har skjedd ei nyvinning materielt eller immaterielt – kort sagt kjem nye ord til fordi behovet er der. Logisk nok er mange av dei nye orda knytt til dataverda. Enkelt og greitt fordi det er eit felt der det heile tida skjer noko nytt.

Fagspråk, fagterminologi og daglegtale
Når eg snakkar med programutviklarar, hender det at det dukkar opp engelske uttrykk. I nokre tilfeller risikerer vi kommunikasjonssvikt på grunn av språket, fordi vi ikkje er sikre på om vi snakkar om det same. Det kan hende, men fordi dei har kunnskapen i engelske termar og eg meiner å ha lest om det same på norsk, er vi ikkje heilt sikre på om vi snakkar om det same.

Det er ikkje så vanskeleg å forstå at folk som er utdanna og dagleg jobbar med programmering, har tileigna seg fagspråket på engelsk. Og held fram med det. Det er arbeidsspråket mange kommuniserer med, der kommunikasjonen og informasjonen går på tvers av landegrenser. Det gjeld sjølvsagt fleire fagfelt. På dei fleste fagfelt må ein lese seg opp på engelsk litteratur. I motsatt fall hadde vi hatt ein ganske avgrensa horisont her til lands, med små mulegheiter for innovasjon og til å halde tritt med utviklinga. På dei fleste felt er det likevel naturleg å bruke norske uttrykk og fagterminologi i kommunikasjon innanfor og iallfall utanfor  fagfeltet. På nokre felt er det kanskje meir naturleg å kommunisere med engelske uttrykk, iallfall fagfolk imellom. Det er uansett svært viktig at vi utviklar og held ved like norsk fagterminologi, både på nynorsk og bokmål.

Dømet er henta frå eit mediefirma som sel digitale tenester. Det er ikkje mi meining å henge ut firma, men å vise korleis språk knytt til det digitale ofte blir norskelsk.  Firmaet har eg anonymisert, men skulle det likevel bli gjenkjent, så vit at dei langt i frå er åleine om å bruke eit slikt blandingsspråk. Til firmaet sitt forsvar er det eit internasjonalt selskap, men nettsidene er på norsk, så det er ikkje eit forsvar ein kjem så langt med.

Dømet er henta frå eit mediefirma som sel digitale tenester. Det er ikkje mi meining å henge ut firma, men å vise korleis språk knytt til det digitale ofte blir norskelsk. Firmaet har eg anonymisert, men skulle det likevel bli gjenkjent, så vit at dei langt i frå er åleine om å bruke eit slikt blandingsspråk. Til firmaet sitt forsvar er det eit internasjonalt selskap, men nettsidene er på norsk, så det er ikkje eit forsvar ein kjem så langt med.

Men la oss flytte oss frå fagspråket og til daglegtalen. Det eg først og fremst vil rette fokus på i dette innlegget, er bruken av engelske ord og uttrykk som vi tek med oss inn i kvardagsspråket. Og då spesielt bruken av importord i den digitale kvardagen vår.

Utvikling gir behov for nye ord og uttrykk
At engelske ord, utrykk og fagterminologi kjem til oss, er i utgangspunktet ikkje negativt. Tvert i mot tyder det på utvikling. Av kunnskap, omgrep og språk. Det negative er når dei engelske orda held fram med å vere engelske i det norske språket. I daglegtalen, eller i fagterminologi, som like gjerne kan vere på norsk.

Island er eit framifrå døme på eit land som aktivt tek vare på språket sitt. Nye oppfinningar, forståingar, ord – alt som krev bruk av nye omgrep – får eit eige ord på islandsk. Så sjølvsagt fekk smarttelefonen eit islandsk namn.

Også i Noreg er mange bevisste på bruken av importord, men vi kan bli mykje betre! Vi kan seie e-post i staden for mail, emneknagg i staden for hashtag, toppfelt i staden for header, nettredaktør i staden for webredaktør. Og så vidare. For å halde oss til den teknologiske verda og det som skjer på verdsveven.

Avløysarord og norvagisering
Språkrådet skil mellom tre måtar å handsame importord på, altså ord frå andre språk som blir tekne i bruk i norsk: a) Finne eit norsk avløysarord, b) tilpasse skrivemåten til norsk (norvagisering) eller c) behalde den utanlandske skrivemåten. Språkrådet sin politikk er at ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske framandord. Eventuelt gi flest mogleg av importorda norsk skrivemåte.

På leit etter eit godt norsk avløysarord? Sjekk Språkrådet sine sider «På godt norsk – avløserord»  med alfabetisk oversikt over norske ord som kan – og bør – brukast i staden for det opphavlege importordet.

Språkrådet har òg fokus på datatermar, og har oppretta ei datatermgruppe som skal jobbe med å finne norske avløysarord for engelske datatermar- og uttrykk. Du kan lese om datatermgruppa her, og sjå ordlista med datatermar her, denne blir kontinuerleg oppdatert etter kvart som nye ord kjem til.

Du kan òg ta kontakt med Språkrådet dersom du ikkje finn eit avløysarord eller om du har merknadar, har registrert bruk av engelske ord og uttrykk i norsk  eller dersom du sjølv har forslag til avløysarord. Meir om dette finn du her.

Nyord
Det er sjølvsagt ikkje berre gjennom importord at vi får nye ord i språket vårt. Nye oppfinningar, fenomen, opplevingar, gjeremål med meir, som oppstår innanfor landets grenser, skapar behov for nye ord og uttrykk. Desse kallar vi nyord . Nokre er døgnfluger, andre får feste i språket og blir verande, og hamnar kanskje etter kvart i ordbøkene. På fotoet ser vi ein navar. Ordet dukka første gong opp i 2012, og brukast både som verb (å nave – naving) og substantiv (ein navar/ en naver). Dette vart òg årets ord i Språkrådet si kåring av nyord, ei kåring i samarbeid med nyordsforskar ved Noregs handelshøgskole, Gisle Andersen.

Ein navar. To skodespelarar frå Hovderevyen med sketsj om nyordet «navar». Foto: Noregs Mållag, Flickr.com CC BY

Ein navar. To skodespelarar frå Hovderevyen med sketsj om nyordet «navar». Foto: Noregs Mållag, Flickr.com CC BY

På topp ti lista i den same kåringa kom det med to nyord knytt til teknologi: strøymeteneste/strømmetjeneste og smartskule/smartskole. Strøymeteneste/strømmetjeneste er ganske sjølvforklarande, då det liknar det engelske ordet streaming. Smartskule/smartskole er skular som tek i bruk digitale verktøy og hjelpemiddel i undervisinga.

Eit rikare språk
Fagområde flest opplever at engelske ord, uttrykk og fagterminologi kjem smygande. Ja, vi kan godt ta bort fag, og seie at dei fleste område opplever dette. Det kan like gjerne vere omgrepet for ei kjensle, som eit uttrykk for ei materiell nyvinning eller eit faguttrykk. Som sagt er det i utgangspunktet positivt, fordi det er med på å utvikle omgrepa og utviklinga av språket vårt – nynorsk eller bokmål. Men for norsk sin del, føreset det at vi er bevisste på problemstillinga, og ikkje lar det skje på kostnad av det norske språket. At det norske språket vårt ikkje blir fattigare av dette, men i staden utviklar seg og veks seg rikare.

Pizza slice eller pizzastykke?

Pizza slice eller pizzastykke?

Narvesen har for tida kampanje på pizzastykker. Men skriv dei pizzastykker? Nei, på plakatane står det Pizza slice. Kvifor det? Er det fordi alle turistane og ikkje-norskspråklege i landet òg skal få seg eit pizzastykke? Niks, eg trur ikkje det. Eg har ein mistanke om at tanken bak er ei forventning om at ordbruken skal appellere meir til ungdom og unge. Men kor mykje Narvesen har reflektert rundt ordbruken, og valt norskelsk etter ei vurdering, eller tatt det uttrykket som kanskje ligg tekstforfattar nærast, er umuleg å seie. Ein ting er iallfall sikkert: Når store aktørar brukar språket på denne måten, er dei med på å svekke språket vårt. (Oppdatering september 2013: Narversen har no ei ny kampanje på pizza, og denne gongen skriv dei pizzastykke. Bra!)

Eg kan ikkje love at eg ikkje kjem til å bruke importord, nokre gongar er dei blitt så integrerte vi blir litt blinde for dei. Eller vi rett og slett ikkje har eit norsk ord for det (enda). Men eg kan love å vere bevisst og forsøke å bruke avløysarord der det er muleg. Og det håper eg fleire vil vere med meg på!

Kvardagen har blitt digital. Følgjer språket etter? Det er det faktisk opp til deg og meg å bestemme. Sjølv om vi har skrivereglar og normer, er det du og eg som forvaltar og brukar språket. Det er vi som gir det vidare til dei som skal bruke det etter oss.

Ps: Visste du at Det finst fleire veletablerte norske lånord i engelsk enn engelske i norsk? Eller at engelsk det tredje største språket i verda, etter mandarin og kastiljansk (spansk)? Les om det engelske språket og språkhistoria på allkunne.no.

Overskrifta er lånt frå, eller rettare sagt spelar på, boktittelen Men tankene mine får du aldri av Sverre Asmervik, ei bok som gjorde valdsamt inntrykk då eg las den som trettenåring. Utan samanlinking eller assosiasjonar til innhald elles!

 

Advertisements

Stikkord:, , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: