Gratulerer med dagen, Internett!
Eller rettare sagt world wide web. I dag er det 20 år sidan www kom til Noreg!
Årets var 1993. Det årets partnarskapslova vart vedtatt av Stortinget, Rosemarie Köhn vart biskop, Osloavtalen signert og Noreg slo England i fotball. Året før OL på Lillehammer. Så lenge sidan og så nyleg på same tid. Men vi snakkar her altså om www si heilt spede begynning, og 1993 var året www kom til Noreg. Meir spesifikt 13. mai 1993.
På verdsbasis var det i 1993 om lag 130 nettsider, i følgje Pingdom. Tre år seinare var talet oppe i 100.000. 20 år seinare, i 2013, er vi oppe i fleire hundre millionar nettsider. Ved utgangen av 2012 var det 634 millionar nettsider, og med tanke på at 51 millionar av dei hadde kome til siste året, er vi i mai 2013 sikkert oppe i godt og vel over 650 millionar. Tala er henta frå Pingdom, som har samla saman mykje statistikk og mange tal om Internett for 2012. Teknofil har samla høgdepunkta derifrå, om du heller vil ha den forenkla versjonen, på norsk.
I høve 20-års dagen for www i Noreg, publiserte Aftenposten.no ein artikkel med nokre tilbakeblikk på nettet si historie i Noreg.