Digital tidsmaskin

Leitar du etter ei nettside som ikkje ser ut til å eksistere lenger? Nysgjerrig på nokon sin blogg du har høyrt om, men som har blitt sletta? Med Wayback Machine kan du finne tilbake til nettstadar og nettsider som ikkje lenger er aktive. Wayback Machine er ein digital tidskapsel , drive av The Internet Archive. Internet Archive byggjer eit Internettbibliotek, ikkje berre med internettsider, men òg programvare, tekst, lyd og bilete. The Internet Archive held til i San Fansisco, men innhaldet blir òg spegla hos biblioteket i Alexandria.
Når det gjeld nettsider, blir det tatt kopiar, ofte på ulike tidspunkt. Dermed er det ikkje muleg å hente fram att alt som har vore publisert på verdsveven, men du kan likevel finne mykje du trudde var forsvunne for alltid. Og det kan jo vere både godt og gale.. Når du søker, får du opp ein kalender som viser dagane det er tatt kopi av nettsida, og så trykker du på den dagen du vil reise tilbake til.
Det finst fleire liknande tenester, som til dømes WebCite, som arkiverer nettstadar etter førespurnad.