Jasså, du bloggar du òg no?

Kor mange blogginnlegg startar med «jeg blogger, altså er jeg/ eg bloggar, altså er eg»? Fingeren i vêret-gjetting: Mange.

Og her sit eg – og bloggar. Dette hadde eg ikkje venta av meg sjølv (ikkje for det, kjekt å gjere noko ein ikkje forventar av seg sjølv!). Medan resten av verda har blogga, har eg ikkje hatt noko behov for det. Grunnen er vel langt på veg at eg har tenkt at det er nok bloggar i verda, iallfall dei som ikkje har eit spesielt tema, men tar utgangspunkt i sitt eige liv om stort og smått interessefelt. Ikkje eit vondt ord om desse bloggarane, det er viktige bidrag innanfor kvar sine felt og ikkje minst viktige for dei som skriv dei og alle som les, eg seier berre at mengda av bloggar er noko av årsaka til at eg ikkje har hatt eit behov for å starte enda ein blogg. Uansett har eg ikkje hatt noko behov for å legge ut om privatlivet mitt. Det lever eg best i den verkelege verda.

Men så begynte eg altså å blogge. Om teknologi. Er det behov for det då? Finst det ikkje nok bloggar om teknologi? Jau, sikkert. Men der er plass til fleire. Feltet blir berre større og større, så det er uendeleg med tema å skrive om.

Og når det er sagt: når eg no først er i gang med å blogge, skal eg ikkje utelukke at andre tema enn utgangspunktet kan dukke opp. På sida av alt anna. Så har eg tatt det atterhaldet.

Eg skriv altså at bloggen handlar om teknologi. Det er eit omgrep som blir brukt vidt. Om eg ser på andre bloggar som blir klassifisert å handle om teknologi, blir omgrepet brukt i vid forstand om alle slags tema knytt til det digitale. Eg kan kanskje meir presist seie at eg vil blogge om det som knytte seg til ein digital kvardag, om digitale nyvinningar, programvare, problemstillingar mm. Og viktig – det som knyt seg til den digitale kvardagen for dei fleste, ikkje berre oss med interesse for feltet. Eg er opptatt av digitale løysingar som lettar kvardagen, utfordrar måtar vi tenker og jobbar på, eller gir oss heilt nye mulegheiter.

Innlegget på bloggen til hanspetter.info var ein utløysande faktor til at eg begynte å blogge. Det gav det næring til ideen om å blogge om eit spesielt tema.  For då han skreiv at det blant kåringa av dei tretti beste teknologi-bloggane ikkje fanst ei einaste kvinne, så var det som å få eit spart bak i positiv forstand. Utsagnet om sakn etter kvinner som bloggar om teknologi motiverte meg iallfall til å bli ei av dei! Så takk for kommentaren om sakn etter kvinner på feltet, her har du ei!

Eg er ein Android-brukar, og sjølv om det sikkert vil spegle seg i ein del innlegg, vil eg blogge om alt muleg som knyt seg til teknologi, mobil og vår digitale kvardag, uansett programvare. Og så bloggar eg på nynorsk, det er iallfall eit viktig tilskot til teknologibloggane.

Ja, så var eg vel i gang, då!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

The WordPress.com Blog

The latest news on WordPress.com and the WordPress community.

%d bloggarar likar dette: